Erling Karstensen

– ein pioner innan fiskeoppdrett

Eventyret starta då telefonen vart automatisert og Erling Karstensen måtte slutte som telefonstyrar i Batalden. Familien hadde også ansvaret for Posten og båtekspedisjonen. Erling Karstensen ville finne på noko anna. Han var glødande interessert i fiskeoppdrett, i ei tid då ikkje alle hadde trua på dette.

Familien Karstensen har drive oppdrett sia 1971 og var mellom dei første som sette ut laks i sjøen. Erling arbeidde dag og natt og laga det meste sjølv. Det starta med eit flytane anlegg av trykkimpregnert materiale og isopor. Seinare bygde han eit landfast anlegg av jernbaneskjener som nøtene hang mellom. Det vart kjøpt eit fryseri i Vesterålen som han flytta og sette opp på Fanøy i Batalden, og i tillegg bygde han våtfôrkjøkken. Erling Karstensen vart ein av pionerane i denne næringa i Sogn og Fjordane. I 1983 – då han var i ferd med å kjøpe nytt anlegg – døydde Erling Karstensen. Kona Borghild og sønene Ståle, Geir og Nils Tore stod att med ansvaret for selskap, fisk og anlegg. Familien slakta oppdrettsfisken på eige slakteri fram til 1988.

I dag er det sønene Geir og Nils Tore som eig selskapet. Dei har teke utdanning innan akvakultur og arbeider med oppdrett på heiltid. Neste generasjon deltek og aktivt i arbeidet.

Moderne anlegg for oppdrett

– familieeigd og familiedrive i over 40 år

Dagens drift er moderne med bruk av flåte, store stålmerdar, data og kameraovervaking. Selskapet har eit nært samarbeid med Marø Havbruk AS om produksjon på felles lokalitetar.  Dei første pionerane i Norge som starta med kommersiell fiskeoppdrett har vore med på ei eventyrleg utvikling. No opplever dei at næringa har vakse til å bli ei av dei viktigaste eksportnæringane Norge har.

Karstensen har i alle år teke på alvor utfordringane med lakselus. Difor kan vi trygt seie at det er fiskeinnovasjon i Batalden. Erling Karstensen var ein handlingens mann, som var raskt ute med å sjå etter løysingar med lakselus som festa seg på fisken han hadde gåande. Frå lokale fiskarar fekk han høyre at berggylter åt lus. Erling fekk tak i eit parti som han sette ut i merdane sine sommaren 1976. Resultata frå eksperimentet var gode og snart fekk både presse og forskarar interesse for innovasjonen som gjekk føre seg i Batalden. På dei ti åra Erling dreiv som fiskeoppdrettar sette han tydelege spor etter seg i næringa. Erfaringane og kunnskapen frå Batalden skulle bli ein viktig del av puslespelet som danna grunnlaget for dagens moderne fiskeoppdrett.

Selskapet E. Karstensen Fiskeoppdrett AS er mellom dei fremste på bruk av rensefisk i Norge og er ein av initiativtakarane bak Sunnfjord Rensefisk AS, som driv med produksjon av berggylte. Karstensen har og satsa på optisk avlusing, der lasar vert nytta for å drive kontinuerleg og berekraftig avlusing på laks.

Samarbeidspartar

– er avgjerande for drifta

Vi er eit forholdsvis lite oppdrettsselskap, og er avhengige av å samarbeide med andre for å sikre ei rasjonell og optimal drift.

E. Karstensen samarbeider med:

  • Salmon Group

    som er eit oppdrettareigd selskap som arbeider med felles fôrinnkøp, salsavtalar m.m.

  • Godfisken

    Medeigar i serviceselskapet

Openheitslova

Openheitslova skal fremja verksemders respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikra allmenta tilgang til informasjon.

Lova pålegg mellom anna verksemdene ei informasjonsplikt og ei plikt til å gjennomføra varsemdvurderingar som skal gjerast greie for i ein rapport som blir lagd fram.

Arbeidet vårt med openheitslova

Vi har teke utgangspunkt i leverandørane våre og gjort varsemdvurderingar basert på risikoen for brot på menneskerettar hos dei ulike leverandørane og bransjane. I varsemdvurderingane har vi lagt vekt på geografisk plassering av aktiviteten til selskapa og dessutan eigen kjennskap til verksemda til dei ulike leverandørane.

Produkta våre er Global G.A.P sertifisert. Global G.A.P stiller strenge krav til leverandørkjeda vår. Varsemdvurderingane vi gjer i arbeidet med openheitslova støttar seg derfor på arbeidet med Global G.A.P

Aktsomhetsvurderingar

Vi har gjennomført varsemdvurdering som har som formål å kartleggja og vurdera negativ påverknad/skade knytt til brot på menneskerettar og arbeidslivskriminalitet i vår eiga leverandørkjede og hos forretningssambanda våre. Det vart ikkje avdekt alvorlege funn.

Har du spørsmål om dette? Kontakt oss gjerne!

14 000 000

Kor mange måltid med laks frå Norge, blir det ete i verda kvar dag?

6

Kor mange jobbar hos E. Karstensen?

18 000 000

Kor mange middagar produserar vi i året?

2

Kor mange konsesjonar har vi?