Pionér innan fiskeoppdrett

Lokalt forankra

E. Karstensen Fiskeoppdrett er ei familieverksemd i oppdrettsnæringa. I naturskjønne omgjevnadar i Florø sin skjærgård, ved Fanøy, mellom øyene Batalden og Kinn driv vi med oppdrett av laks. Sidan 1970 har vi drive med oppdrett og var blant dei første som sette ut oppdrettslaks i sjøen.

Les historia til bedrifta vår.

Geir, Nils Tore, Gjert, Harald og Kristoffer Karstensen

Geir, Nils Tore, Gjert, Harald og Kristoffer Karstensen

Lokalt forankra

Karstensen Fiskeoppdrett er ei familieverksemd i oppdrettsnæringa. I naturskjønne omgjevnadar i Florø sin skjærgård, ved Fanøy, mellom øyene Batalden og Kinn driv vi med oppdrett av laks og aure. Sidan 1970 har vi drive med oppdrett og var mellom dei første som sette ut laks i sjøen.

Les historia til bedrifta vår.

Gjert Karstensen på ein av lokasjonane

Har fisken det bra, har vi det bra

I over 50 år har vi drive oppdrett av laks til konsum. Vi har to konsesjonar for matfisk, og produserar over 18 000 000 middagar i året. Fisk er ein av dei viktigaste kjeldene for mat i framtida, og for at du skal ete sunt og næringsrikt, må fisken du et, gjere det óg. Derfor er det viktig at vi driv sunn og berekraftig oppdrett – for fisken, for dei tilsette, og for kloden.

Slik arbeider vi med berekraft.

Samdrift

Sidan 1996 har Karstensen drive samdrift med Marø Havbruk, som òg er eit familiedrive oppdrettsselskap med tradisjonar tilbake til 1986.

Som eit mindre familieselskap innan oppdrett er vi avhengige av samarbeid med andre for å sikre optimal drift. Samdrifta med Marø Havbruk har ført til at vi er fleire hovud på å løyse utfordringar saman. Det blir det god fisk av!

Aktørane Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett samarbeidar tett