Om oss

Ei dør lukkar seg og ei anna opnar seg…

Eventyret starta då telefonen vart automatisert og Erling Karstensen måtte slutte som telefonstyrar i Batalden. Familien hadde også ansvaret for Posten og båtekspedisjonen. Erling Karstensen ville finne på noko anna. Han var glødande interessert i fiskeoppdrett, i ei tid då ikkje alle hadde trua på dette.

Gründer Erling Karstensen • www.karstensen.no

Fleire generasjonar i drift

Familien Karstensen har drive oppdrett sidan 1970 og var mellom dei første som sette ut laks i sjøen. Erling arbeidde dag og natt og laga det meste sjølv. Det starta med eit flytande anlegg av trykkimpregnert materiale og isopor. Seinare bygde han eit landfast anlegg av jernbaneskjener som nøtene hang mellom. Det vart kjøpt eit fryseri i Vesterålen som han flytta og sette opp på Fanøy i Batalden, og i tillegg bygde han våtfôrkjøkken. Erling Karstensen vart ein av pionerane i denne næringa i Sogn og Fjordane. I 1983 – då han var i ferd med å kjøpe eit nytt anlegg – døydde Erling Karstensen. Kona Borghild og sønene Ståle, Geir og Nils Tore stod att med ansvaret for selskap, fisk og anlegg. Familien slakta oppdrettsfisken på eige slakteri fram til 1988.

Fleire hovud saman

Sidan 1996 har E. Karstensen Fiskeoppdrett drive samdrift med Marø Havbruk, som òg er eit familiedrive oppdrettsselskap med tradisjonar tilbake til 1986.

Som eit mindre familieselskap innan oppdrett er vi avhengige av samarbeid med andre for å sikre optimal drift. Samdrifta med Marø Havbruk har ført til at vi er fleire hovud på å løyse utfordringar saman. Det blir det god fisk av!

Gründarane Nils Tore Karstensen, Geir Karstensen og Elin Sveen

E. Karstensen Fiskeoppdrett • www.karstensen.no

Fiskeinnovasjon i Batalden

Karstensen har i alle år teke på alvor utfordringane med lakselus. Erling Karstensen var ein handlingens mann, som var raskt ute med å sjå etter løysingar med lakselus som festa seg på fisken. Frå lokale fiskarar fekk han høyre at berggylter åt lus. Erling fekk tak i eit parti som han sette ut i merdane sine sommaren 1976. Resultata frå eksperimentet var gode, og snart fekk både presse og forskarar interesse for innovasjonen som gjekk føre seg i Batalden. På dei ti åra Erling dreiv som fiskeoppdrettar sette han tydelege spor etter seg i næringa. Erfaringane og kunnskapen frå Batalden skulle bli ein viktig del av puslespelet som danna grunnlaget for dagens moderne fiskeoppdrett.

Pionér på lakselus

I 2015 var fiskeoppdrettet ein av dei første i verden som tok i bruk Stingray-laser for å bekjempe lakselus. Avlusing med laser er kontinuerlig og miljøvennlig behandling av lakselus, og vi får daglege bilder av korleis fisken har det og utviklar seg. Dette gir god fiskehelse.

Arbeidarar på E. Karsten Fiskeoppdrett sin lokasjon

Samarbeidspartnarar

Samarbeidspartnarar er avgjerande for drifta. Vi er eit forholdsvis lite oppdrettsselskap, og er avhengige av å samarbeide med andre for å sikre ei rasjonell og optimal drift. E. Karstensen Fiskeoppdrett samarbeider med:

Samarbeids
partnarar

  • Slakteriet

    Gjennom Stabben Holding er vi medeigar i selskapet

  • Godfisken

    Medeigar i serviceselskapet

  • Salmon Group

    Eit oppdrettareigd selskap som arbeider med felles fôrinnkjøp, salsavtalar m.m.

  • Seaborn

    Medeigar i salselskapet